lørdag 21. februar 2015

«Isbrann» av Kjersti Kollbotn

Gjeven ut av Cappelen Damm 2014

Paret Knut og Sissel har kjøpt eit småbruk på Vestlandet. Dit har dei no flytt og dermed lagt det masete bylivet bak seg.
Så langt kan dette lyde som rein idyll: Paret som skal leve ut draumen om det gode liv på landet! Men ein har ikkje komen langt i boka før ein anar ubehag i mange fasettar, du merkar at det ligg litt av kvart her som snart kjem til å vake i overflata.
For det er noko med dette paret. Ho er eit stykke inn i førtiåra, og i lang tid no har dei prøvd å få unge utan å lykkast. Det byrjar nærme seg punktet der dei må innsjå at det ikkje blir nokon born på dei, ikkje utan vidare. Knut veit at dette er viktig for Sissel, men då ho kjem heim med informasjonsmateriell om adopsjon berre reiser han seg og går ut. Ein kan tenkje om han der og då, at han verkar vrang og vanskeleg å ha med å gjera. Men me som les har fått kjenne på korleis Knut opplever forholdet dei imellom og har eit meir nyansert syn på nett den saka.
Og det er noko med Knut, mannen som så gjerne vil vera Mann med stor M, som vil ordna alt det harde fysiske gårdsarbeidet på gamlemåten, i nært samarbeid med hesten Hillary. Men kva når vatnet frys og han må bruka timar kvar dag på å skaffe nok vatn til husdyra og til det dei treng sjølv i hushaldinga? Kva når timen er komen då han har slete seg heilt ned, må sjå sanninga i kvitauget; det gode livet han drøymer om, kanskje finst det ikkje? Kva kan han i denne desperate augneblinken kome til å gjera?

Denne romanen fylte meg med ubehag av mange grunnar, men eg måtte lesa vidare, måtte lesa den til endes. Dette vil eg seie er ein utfordrande roman, ein roman som uroar deg, får deg til å undrast. Det kan vera ein roman ein får lyst til å diskutere med andre.
Ikkje ein roman å kose seg med, altså, men eg vil likevel anbefale han. Nett av di han utfordrar og har ein heilt spesiell stemning av gnagande uro.

Litt om tittelen til slutt: Isbrann er skade på gras som kjem av at sola skin gjennom tynn is, som gjerne kjem på våren, då været er skiftande mildt og kaldt. Ljoset frå sola gjer at plantene vaknar til og vil byrja å puste, men isen gjer at lufta ikkje kjem til, og plantene vert kjøvd. Isbrann kan føre til store "daude" flekkar på eng og plen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar