onsdag 11. februar 2015

«Alt du kan ønske deg» av Linn T. Sunne

Gjeven ut av Samlaget 2014

Siri har vore i lag med Jens i fleire månader. Den fyrste forelskinga er nok over, for Siri tykkjer problema til Jens byrjar å slite (han har ei tvangsliding som gjer at han berre MÅ sjekke om att og om att ting, som om kaffetraktaren er avslegen og døra er låst), og ho kikkar stadig oftare på Andreas. Ho kjenner at det ho helst vil er å slå opp med Jens, men korleis kan ho gjere det når det er slik synd på han?

Denne ungdomsromanen tek for seg tema som dei aller fleste kan kjenne seg att i. Uansett om kjærasten din har det vanskeleg eller ei, så vil du nødig såra den du kanskje framleis er litt glad i, berre ikkje slik du burde. Og det er ikkje berre kjærasten din du skal gjere det slutt med, det er familien hans du har lært deg å setje pris på som du kanskje ikkje får treffa meir om du gjer det slutt. Det er lett å utsetje eit slikt oppgjer, og då kan det diverre bli krøll av ulikt slag.


Sympatisk lengde på denne romanen, berre 110 s. Eg likte boka, men den gjorde ikkje akkurat skilsetjande inntrykk, så det kan hende eg kjem til å gløyme ho ganske fort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar