mandag 15. september 2014

«Fugletribunalet» av Agnes Ravatn

Gjeven ut av Samlaget 2013

Romanen startar med at Allis kjem til Sigurd Bagge, ein mann i 40-åra. Ho skal hjå han få kost, losji og noko løn mot å hjelpe han i hus og hage.
Allis er programleiaren som nærast flykta frå livet sitt etter å ha gjort noko så dumt at det gjorde henne til tema i skandaleoppslag i media.
Og kven er Bagge? Allis er nyfiken på han som pratar minimalt og som ynskjer at dei skal leva strengt skilde liv, sjølv om dei bur i same hus. Bagge er gift, men kona er bortreist. Kvar er denne kona? Og kva held ho på med, som kan vera så lenge borte? Medan Allis sakte kjem nærare innpå Bagge og soga hans, vert me som les sakte kjend med henne óg.


Dette tykte eg var ein spanande og interessant roman. Det er særleg stemninga eg likar – her er ein fascinerande blanding av feelgood og uhygge, tykkjer eg. Medan Allis småputlar så koseleg i kjøkenet og hagen, har ho kjensla av at eit eller anna ikkje er som det skal, og denne nervøse uroa smittar over på meg som les. Samstundes som eg vert verkeleg nyfiken på kva som ligg der og ulmar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar