fredag 22. november 2013

«Det som er sant» av Magnhild Bruheim

Utgjeven av Samlaget 2013

Linn er på fest hos Hanna. Det er fullt av folk og god stemning. Linn er ekstra spent, for ho ser at Sander er der, ein gut som er nokre år eldre og som ho har eit godt auge til. Dei har ved tidlegare høve klint litt, og ho tenkjer vel at han er på tur til å verta kjærasten hennar.
Men uff, på denne festen verkar han meir interessert i Hanna...
Han og Hanna stikk seg vekk utpå kvelden, for ei stund etter å dukke opp att. Då er Hanna bleik om nebbet. Etter kvart kjem det fram at ho vart valdteken av Sander, medan han på si side hevdar Hanna var med på samleiet heilt friviljug. Solveig – ven av Linn og Hanna – pushar på for at Hanna skal anmelde valdtekten til politiet, noko ho gjer.
I etterkant blir det mykje prating og slarving om kven sin versjon av det som hende på rommet den kvelden, som er sann. Linn har vondt for å tru om Sander at han kan ha gjort noko slikt, og Hanna har då vore lett på tråden og hatt sex med mange gutar før, seiest det.
Linn er frå før ikkje så glad i Hanna, og ynskjer i alle fall ikkje at ho skal stikke av med Solveig, bestevenen hennar, men slik ser det ut til at det kan ende, for Solveig engasjerer seg veldig sterkt i Hannas skjebne, og vert sur når ikkje Linn er like engasjert...



Romanen tek opp viktige tema, og som utgangspunkt for ein diskusjon tenkjer eg at denne romanen kan vera fin.
Likevel vil eg ikkje gje romanen toppkarakter, sidan spaningskurva er litt flat, og måten tema blir handsama splintrar det til å stråle utover i fleire retninger; noko eg synes er litt uheldig.
Hovudpersonanene i romanen liksom slåss om merksemda til lesaren, og om å få ha leiarmotivet. Linn er hovudperson, men ho er ikkje den viktigaste personen i høve det eg oppfattar som hovudtema i boka. Hennar problem er tidlegare einsemd og konfliktar, som ho framleis slit med og som gjer at ho er veldig redd for å miste Solveig til Hanna.


Eg tykkjer og jentene verkar noko vinglete plassert i høve alder. Dei er både barnslege og mogne. Det er sant at unge ofte er ei slik forvirrande blanding av barn og vaksen, men her verkar det ikkje planlagt, som om forfattaren ikkje har klart for seg kva aldersgruppe ho tenkjer å nå.
Jentene i boka festar, drikk og einskilde har hatt sex, samstundes som dei verkar mykje yngre når det kjem til måten dei samtaler eller håndterar konflikter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar