søndag 22. september 2013

«Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar» av Bjørn Sortland

Utgjeven av Piggsvin forlag, 2012

Førti år gamle Ivar er ungkar og utan særlege erfaringar med kvinner. Han blir lett forelska og stiller aldeles ikkje store krav til den kvinna han eventuelt vil dele livet med. Likevel er han åleine.
Han blir hyra som skrivekurslærar for tre kvinner med fortid. Kan hende han no får sjansen til å finne ei kvinne han kan dele livet med?

Romanen får eg ikkje til å seie så mykje om, anna enn at han er lettlest, humoristisk, men samstundes litt sår.


Kan hende verkar det litt usannsynleg at Ivar er åleine, så sugen som han er på å få seg kvinnfolk? Men eg trur for så vidt det finst menn som Ivar; kan hende har dei ein ring av panikk der andre menn har ein ring av sjølvtillit, eller eit panisk svoltent blikk i augene som kvinnene merkar og som får dei til å skygge banen?

Omslaget er svært sjarmerande, det same er Øyvind Øyvind Torseter sine teikningar som illustrerar historia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar