mandag 27. mai 2013

«Svarte-Mathilda» av Tor Arve Røssland

Gjeven ut av Samlaget 2010

Elisabeth og mora flytter inn i ny leilegheit, det vil seie: leilegheita er ny for dei som flytter inn, men ho ligg i eit gamalt hus. Allereie fyrste dagen dei er der, opplever Elisabeth mystiske hendingar på badet der det heng ein gamal spegel; ho opplever å høyre skraping, som av fingerneglar over fliser, og ho ser digre dammar av blod på golvet.
Det viser seg at det for 20 år sidan vart drepen ei jente på dette badet, huset har stått tomt fram til no, og drapssaka vart aldri oppklara.
Elisabeth kjenner heile tida ubehag når ho er i leilegheita – til dømes blir det aldri ordentleg varmt der, same kor mykje dei fyrar eller kler på seg. Og rett som det er kjenner ho det som om ho ikkje er åleine, særleg når ho er på badet.
Elisabeth vert ven med Philip i klassen, og saman med han og bibliotekaren Viggo byrjar ho å undersøkje kva det er som kan ha hendt i leilegheita ho bur i. Dei kjem snart over soga om demoniske Svarte-Mathilda som skal vera fanga i ein gamal spegel, men kan materialisera seg om nokon kallar på henne. Philip trur dette må vera berre oppspinn, og får Elisabeth med på å gjera eit forsøk på å kalle fram Svarte-Mathilda. Noko dei aldri skulle gjort…

Denne ungdomsromanen, som var nominert til Uprisen 2010, fekk eg anbefalt av ein kollega, og eg vart nyfiken då eg fekk litt av handlinga presentert. Sjølv om eg ikkje er spesielt oppteken av grøsserar, så tykkjer eg dette var ei veldig spanande bok, og eg vil og lesa fortsetjinga, «Svarte-Mathilda II», det er heilt sikkert.

Eg har lest ein del grøsserar i det siste, på leit etter noko å anbefale ungar og ungdom innan sjangeren, og dette er utan tvil den beste eg har lest til no.
Om eg skal pirke på noko med denne romanen, så må det vera at eg tykkjer soga er noko viltveksande og innfløkt. Sjølv om folk flest vil seia at spøkelsesromanar per definisjon er oppspinn, så meiner eg at handlinga likevel kan framstå som meir eller mindre sannsynleg/truverdig.

Men alt i alt var dette ei særs fin leseoppleving!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar