fredag 26. oktober 2012

«Fjellpistra : barndomsminner frå Vang» av Sverre Thune

Biletet av boka er lånt frå www.nilsthune.no
Utgjeven av Midtre Tune, 2010

I denne fine, vesle boka fortel Sverre Thune om korleis det var å vekse opp på ein gard i 1930-40-åra i fjellbygda Vang i Valdres.
Tittelen har forfattaren vald av di Fjellpistra brukte å sitje oppå Smådalsfjellet og syngje så det høyrdest utover fjell og vidder, og vart såleis ein del av dei fine minnene frå barndomen hans.

Boka inneheld stutte kapittel illustrert med fotografi frå den tida forfattaren skriv om. Eg tykkjer dette er ei lærerik bok for folk som lever i dag, slik ho syner korleis ein arbeidde og levde på gardane i gamle dagar, og borna måtte og ta del. For meg – som sjølv har vakse opp på gard (sjølv om det er ein del år seinare enn Thune) – er det mykje å kjenne seg att i. Til dømes potetsetjing- og plukking, luking i åkeren, stell av dyr, og deltaking i slåttonn.
Men boka handlar ikkje berre om arbeid – ho fortel og om kva dei held på med då dei hadde fri, og korleis det var på skulen den gongen.

Unge i dag kan ha godt av å få høyre korleis det var å leve før i tida. Det var ikkje berre å skifte klede fleire gonger for dagen og få dei lettvint vaska, og ein vart ikkje køyrd hit eller dit på aktivitetar om kveldane. Mykje av moroa ein hadde, måtte ein ordne sjølv.

Formen på boka (eit biletbok-format, nærmast), og slik ho er fortald, synes ho retta mot yngre lesarar. Eg trur boka kan vera fin til høgtlesing og til bruk i skulen.

Boka kunne kanskje hatt ei ordliste? Einskilde ord som er brukt er sikkert velkjende for mange, men for yngre lesarar kan dei vera ukjende.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar