mandag 14. november 2011

«Utfor» av Sunniva Relling Berg

Samlaget, 2011

Skuleflinke Lea flytter med mor og far ut frå byen og til Ytstøya, ein heller avsidesliggjande plass ved havet. Foreldra får lang reiseveg til jobben, og Lea vert av den grunn overlate ein del til seg sjølv utanom skuletida, men det må vera verdt såpass meiner nok foreldra, om dette kan vera staden der Lea verkeleg kan passe inn. 
Lea har tydeleg hatt problem med å få vener der ho budde før, men her skal ho få ein ny start, og i eit oversiktleg, lite miljø skal det sikkert ordne seg med vener.
Som ny på staden strevar Lea litt med å finne seg til rette, og det er ikkje heilt enkelt å skjøne kven som er greie og blant kva for grupperingar ein skal leite etter vener. Kvifor vert til dømes Lea sin næraste nabo Jonas utfrosen av Mads og systera Mia? Lea gjer sitt beste for at alle skal vera vener, men utan å kjenne til kva som har hendt før ho sjølv kom til staden, kan ein lett trø feil.

Sunniva Relling Berg (f 1988) debuterer med denne ungdomsromanen. Boka er nominert til Brageprisen i klassen for beste barne- og ungdomsroman.

Eg tykkjer boka har ein del interessante perspektiv og personar/skjebner, men eg tykkjer spaningskurva er for ujamn – eller skal me seie at ho verkar tilfeldig og ukontrollert? Der språket byggjer opp mot eit crescendo heng det ikkje nødvendigvis saman med crescendoane som finst i handlinga. Eg får ei kjensle av at forfattaren kan hende ikkje heilt meistrar instrumentet sitt enno. Kunne ho tenkt meire over kva for scener som skal vektleggjast, gjerast tydelege for å byggje opp om handlinga og spaninga, og kva for scener som tyder lite? Kunne ein ha kutta ut einskilde scener og gjeve nødvendig informasjon på anna vis – anten referert han eller teke han med på andre måtar?
For meg vert det for mykje detaljar i scener der ingenting særskilt hender – der sansane mine (gjennom det forfattaren vektlegg) blir soge nært innpå detaljar, framdrifta lid under dette, og eg kjenner at eg som lesar noko for ofte vert oppmoda til å setja ned farten, i forventning om at NO, HER skal eitkvart skilsetjande hende – for så å oppleve at det hender lite og ingenting. Ja, eg kjenner meg kan hende noko lurt, og vert usikker på korleis romanen skal lesast. Av og til får eg ei kjensle av at utbroderingane/detaljane er reine skriveøvingar.
Den ujamne spaningskurva gjer meg altså litt usikker, og eg får ein fråstand til dei tinga som hender – eg trur ikkje eg greier å stille meg inn på same kanal som forfattaren? Eg kjenner at eg vert noko likeglad – at eg ikkje får til å engasjere meg fullt.
Men det kan vera berre meg? Kan hende er boka skriven nett slik for at me skal kjenne på same usikkerheit som Lea? Kan hende er det Lea som strevar med å skjøne kva som er viktig, kan hende må ho verkeleg vera slik på vakt heile tida, og syge til seg alt smått og stort for å kunne skjøne samanhangane – skal me kjenne på kor sliten Lea blir av heile tida å observere, tolke og tenkje sitt? Det kan vera forfattaren har tenkt slik.

På side 155 er eit døme på ei scene der eg tykkjer detaljar vert utbrodert og gjev signal om at dette er ei viktig scene, utan at det er det.
«Vi gjekk inn hovudinngangen hos Arne. Han hadde pressa snø ned kragen min. Heile genserryggen var blaut. Det same var sokkane og fremst på ermane. I stova var det fyr på peisen. Mor til Arne kom med kakao og rundstykke til oss. Det klirra i armbanda rundt handledda hennar. Håret var sett opp med ei sølvnål og ein lilla tøyblome. Ho var slank, dongeribuksa sat stramt om låra. Eg tenkte at far til Arne var dum dersom han bedrog ho. Ho smilte til meg

Språket er greit, nynorsken er det eg vil kalle avslappa/lite konservativ, med ord som til dømes: sånn, bevege, anstrenge, igjen, gi, pleie, tilbake, behandle, gjenta, håpe.

Forfattaren har eit uttrykk om å ”leggje hovudet bak” som eg tykkjer verkar noko rart. Til dømes s. 64: «Han stilte seg opp blant dei, la hovudet bak og lo, dytta ein gut i ryggen.» Eg trur det vanlege er å seie at ein ”legg hovudet bakover og ler”.
Noko liknande finn eg på s. 9: «Pappa stoppa bilen, og begge smilte bak til meg
Og s. 144: «Eg prøvde å protestere. Det hjelpte ikkje. Eg la hovudet bak...»

Slutten av romanen opplevde eg som noko konstruert og ikkje heilt truverdig, og framdrifta i boka – som nemnd over – vart for meg hemma av detaljrikdomen på stader eg ikkje tykte høvde heilt. Men alt i alt er dette eit godt debutarbeid og det vert interessant å sjå kva Relling Berg vil kome med seinare.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar