lørdag 26. november 2011

«Adam Hiorths veg» av Brit Bildøen

Samlaget, 2011

Miljøvernaktivisten Jon Utskott brukar kvar vår å leggje ut på ei lengre sykkelferd over fjellet, til vestlandet, der han møter likesinna og talar til folket for å vekkje dei til miljøverndyst. Reisten av året bur han i Oslo, der han les seg opp på ny forsking. Den nye lærdommen samanheld og forenklar han, og skriv artiklar og lesarinnlegg for å opplyse folket.
Årets tur vert annleis. Ein ung journalist – Adam Hiorth – ber om å få vera med Utskott på vekkjingsferda hans for å lage eit filmportrett. Utskott prøver fyrst å vri seg unna reisefylgjet, men utan hell. Det noko umake paret dreg av garde, og opplevingane deira vert skildra i denne slags moderne versjonen av klassikaren «Don Quijote».
Boka si humoristiske tone, slik ho er fortald i ein nokså ”stoisk”, omstendeleg stil, biletet på omslaget, og slik kapitteloverskriftene er laga, ga meg straks assosiasjonar til Don Quijote. Til dømes har fyrste kapittel i Don Quijote følgjande overskrift:


«FØRSTE KAPITEL
Som handler om den berømte adelsmann
Don Quijotes levevis og tilbøieligheder»

Og overskriften til fyrste kapittel i Bildøens bok:

«KAPITTEL EIN
Skisserer opp korleis den kjende miljøvernaren
Jon Utskott lever, og fortel litt om både det årlege
sommartoktet hans og det meir kontemplative
tilværet han fører om vinteren»

Både Don Quijote og Utskott skal ut på reise, og ser på seg sjølv som riddarar som kjempar for den gode saka. Og begge slåss mot vindmøller.
Tittelen på boka set meg derimot på sporet av at Adam er ein minst like viktig person i boka, og slik romanen sluttar, kan ein og sjå på soga som ein danningsroman, kan hende?

Boka er som sagt skrive i ei lett, gladlynt tone, og Utskott er ein snodig fyr som havnar oppi litt av kvart. Boka inneheld og mange fine naturskildringar og gode observasjonar.

Det vert rota litt med manglande fortid av fortid einskilde stader i boka.
Til dømes s 172: «Han kunne alltids skulde på sykkelulykka og kakken han fekk, …» Her skulle det stått: ”… kakken han hadde fått, …”
Og litt lenger ned på same side: «Dessutan hadde apatien slått inn lenge før han stupte ned i grøfta med hovudet først.» Her skulle det stått: ”… slått inn lenge før han hadde stupt…”

Meir av same feil s. 317: «Han tromma lett med peikefingeren over leppene, og minte om ein lærar Adam hadde på ungdomsskulen, ein som brukte å setje seg på kateteret og stire elevane i senk før han begynte med undervisninga.»
Adam går ikkje på ungdomsskulen no i boka si tid, men ser attende på noko som har skjedd tidlegare, så rett skulle ha vore: ”… og minte om ein lærar Adam hadde hatt på ungdomsskulen, ein som hadde brukt å setje seg på kateteret og stire elevane i senk før han hadde begynt med undervisninga.”
Vidare s 317 står det: «Dei hadde gjort narr av psykologtendensane hans, men klassen var alltid roleg og konsentrert i desse timane.» Rett skulle ha vore: ”… men klassen hadde alltid vore roleg…”
Og s. 318: «Den mannen hadde ført han inn på vegar Adam ikkje visste fanst, …»
Eg meiner det skulle stått: ”… hadde ført han inn på vegar Adam ikkje hadde visst fanst, …”

Språket i boka er elles godt, og eg finn heller ikkje Bildøen bland forfattarane som nyttar den mest konservative nynorsken. Eg finn ord som: betyr, sånn, blåser, igjen, forholda, begynte, tilbake, gi, da, sånne, beskyttande, blitt – og eg finn til og med bruk av genitiv-s, som s 91: «ordensmaktas grep» og «Utskotts muntre plystring», der ein gjerne kunne venta at det sto ”ordensmakta sitt grep” og ”Utskott si muntre plystring”.
Eg får kalle dette ”avslappa nynorsk”, som eg brukar. Språket er på ein måte ikkje så nynorsk eg ville hatt det, men dette er eit spørsmål om smak, det veit eg.

Eg tykkjer dette var ei ganske underhaldande bok, noko einsformig kanskje (ikkje dei store svingingane i spaningskurva og ein heil del transport) og difor litt lang, kanskje – dei heilt store overraskingane fekk ikkje eg av lesinga. Eg vil likevel tilrå andre lesarar å gripe denne boka, då soga absolutt må reknast som både sympatisk og småartig.

2 kommentarer:

  1. Tja, så var jeg her igjen, og hadde egentlig ikke tenkt å kommentere i det hele tatt, akkurat som de fleste andre som stikker innom her og der og bare tar seg en titt og får noen lesetips, men så kom jeg på at jeg om ikke annet ville si at du er en dyktig anmelder.

    SvarSlett
  2. Det er alltid hyggelig når det ligger kommentarer under innleggene mine, og dette var da en usedvanlig hyggelig en, Ken! Tusen takk! :-)

    SvarSlett