onsdag 11. mai 2011

«Feit : mitt liv som tjukkas» av Kristian Fjellanger

Utgjeven av Manifest, 2010.

Dette er ei nett, lita bok (174 små sider) om eit tungt tema. Ei modig bok er det, og. Fjellanger fortel om korleis han opplevde å leve som overvektig mann, i eit samfunn der han meiner det er tabu å prate om slanking - om du er mann, vel og merke. 
I samfunnet me lever i blir det prata så vakkert om at det må meire aktivitet inn i skulen og på arbeidsplassane, alle må trene, men er det lagt til rette for at dei som verkeleg treng å trene, skal få høve til det? Det pratast og mykje om sunt kosthald, men blir det lagt til rette for at folk skal kunne handle sunne alternativ til ein overkomeleg pris?

Eg trur mange kan kjenne seg att i Fjellangers framstilling. Kor merksam og opphengt ein blir i eigen kropp, når ein ikkje er nøgd med han. Kor flaut det er å vise seg fram.
Fjellanger bestemmer seg for at han skal byrje å trene og sulte seg - for han vil bli slank! – men han vågar ikkje å trene ute, der folk kan kome til å sjå han. Å gå på treningsstudio er utelukka av same grunn. For kva vil dei tenkje, dei som får sjå han i dissande treningsrørsler, feit og sveitt?
Fjellanger som feit mann synest å ha nærast forfølgingsvanvit – han trur alle tenkjer sitt om han, og dei tenkjer ikkje noko vakkert, nei!

Eg vert noko usikker på om Fjellanger er meir ironisk enn eg heilt får med meg. Slik han omtalar dei slanke og treningsinteresserte folka han møter i boka, høyrest det ut som om alle slanke folk trur dei er mykje meire verd enn dei overvektige, og gjer kva dei kan for å gjera livet surt for dei som har for mange kg å dra på. Eg tykkjer tona til Fjellanger er generaliserande og dømande, men det kan vera ein ironi her som eg ikkje får med meg, altså.

Eg trur det er fleire enn Fjellanger tenkjer seg, som er misnøgde med kroppen sin, og har kompleksar for ulike kroppslege ting. Me skal hugse på at det og er mange tynne folk som har kompleksar for kroppen, og lid om dei får kommentarar om utsjånaden slengt til seg. Moralen må vera: Kan hende kvar og ein skal gå litt i seg sjølv og tenkje seg om, før dei pratar i veg til andre folk, og kommenterer alt frå a til å som dei legg merke til hjå andre.

Om motivasjonen for å slanke seg er Fjellanger usikker:
S. 132 skriv han: «Er det mitt ønske om å pule meir som driv meg? Er det ønsket om å bli vakker og ven? Eller har helsespørsmålet ligge i underbevisstheita mi og skurra? Eg er faen ikkje sikker
Etter kvart som Fjellanger har kvitta seg med det meste av overvekta, lurer han på kva mål han eigentleg har:
S 148: «Kva mål skal ein eigentleg sette seg for sin eigen kropp? Når er den fin nok? Til kva? For kven? For meg sjølv eller for andre? Når eg ser bra ut med klede?»
Slik viser Fjellanger ei mental utvikling undervegs i prosessen, og det er interessante spørsmål han stiller seg. Og som me lesarar og kan stille oss sjølve.
Ikkje så overraskande finn Fjellanger ut at livet framleis har utfordringar å by på - knytt til kosthald og trening og - jamvel om han lukkast i å verta ein slank mann.

Til sist litt om språket i boka:
Fjellanger skriv eit bokmålifisert og dialektprega nynorsk – eg finn ord som bevegd, igjen, anskaffing, blitt.
Eg finn nokre få småfeil, som s 11: ”velukka” – skal vera ”vellukka”
S 19: ”mansfeitt” skal vera ”mannsfeitt”
S 35: ”beaty” skal vera ”beauty”
S 37: “eg kliv oppå” skal vera “eg kliv opp på”

2 kommentarer:

  1. Jeg oppfattet absolutt Fjellanger som ironiserende og bevisst på sine egne fordommer, heller enn generaliserende og dømmende.

    SvarSlett
  2. Hei HildeSol!
    Ja, eg har kikka litt på andre omtaler og ser at fleire har skratta høgt og tykte dette var ei morosam bok. Eg trur eg vart litt teken av alvoret - såg ikkje ironien heilt tydeleg. Teksten skal nok tolkast ironisk, som du seier :-)

    SvarSlett