søndag 2. januar 2011

«Når ein først skal skyte nokon» av Arnfinn Kolerud


Eg trur at denne romanen kan lesast anten som eit kampskrift for nynorsk, der det diskuterast kva som skal til for å halde nynorsken i live, og kva som kan reknast som aksepterte metoder for å arbeide for saka/saki.
Eller boka kan lesast heilt enkelt som ei morosam soge om nokre rare bygdetullingar.

Ein rekke sentrale personar i bygda Vassbygda/Vassbygdi freistar ved hjelp av ulike metoder, å styrke nynorsken sin sjanse til å overleve. Handlinga foregår i noko ein må forstå som eit framtidsNoreg, der Vassbygda/Vassbygdi er einaste stad i Noreg som framleis held på nynorsk som hovudmål. Reisten av Noreg har for lengst gjeve seg over til bokmål eller engelsk.
Boka er humoristisk, med snålt persongalleri, merkelege hendingar og rare dialogar.

Boka er noko episodisk bygd opp, det vil seie at hovudpersonane på ein måte driv med kvar sine ting i kvar sine kapittel, og så stussar dei borti kvarandre innimellom, slik Orm Åkerstein blir hyra av Vassbygda og Vassbygdi vel til å hente ein pistol i Bergen og seinare til å skyta bjørnen Ivar i dyreparken, slik at ikkje denne Ivar-bjørnen skal skugge for den største Ivar i verda, nemleg Ivar Aasen.

Innbyggarane i Vassbygda/Vassbygdi er eit sta folkeferd. Dei hevdar stridt at staden dei bur ikkje er ei bygd, men ein landsby, og dei kan ikkje bli samde om a- eller i-endingar. Difor er det på skulen paralleller som heiter a- og i-klasser. Eg trur kan hende at bodskapen til forfattaren går rundt dette at nynorsken er eit lite språk, og om det skal overleve, må ein kan hende ikkje krangle om småtinga, men verta samde om å bruke og synleggjera nynorsken mest mogleg, anten ein skriv konservativt nynorsk eller meir avslappa nynorsk.

Forfattaren skriv, etter kva eg kan sjå, eit avslappa, dialektprega(?) nynorsk. Han brukar til dømes ord som ”først, den (der ein elles brukar han, ho eller det – etter kva det peikast attende på), gjenfortalte, tar, tilbake, fra, igjen, da, sånn, utgitt.”
Kapitlet som byrjar på s 116 heiter «Det vakkar på seg.» Vakke er eit ukjent verb for meg, og det står heller ikkje i nynorsk-ordboka – difor sluttar eg at forfattaren brukar dialektord der han finn det brukeleg.

Eg tykkjer denne romanen er annleis – den skil seg ut i positiv forstand – for det kvikkar alltid opp med noko humoristisk, noko å le av. Samstundes er det ofte slik at humor fører med seg avstand, og det er vel det einaste eg tykkjer trekkjer noko ned for boka – eg blir av og til usikker av humoren. Er forfattaren verkeleg glad i nynorsk og nynorskfolk? Er han verkeleg glad i bygdenoreg og bygdefolk, eller gjer han narr av dei? Ler han av dei, eller med dei?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar