tirsdag 25. januar 2011

«Bondestudentar» av Arne Garborg

Boka er utgjeven av Aschehoug, Band I i «Verk» av Arne Garborg. (Til saman 12 band). Etterord til «Bondestudentar» av Gunnar Foss.

Nett i dag er det 160 år sidan Arne Garborg vart fødd. Då passar det fint at eg nett no er ferdig med «Bondestudentar». Eg hadde ikkje lese noko av Garborg før, sett bort i frå nokre utdrag av «Haugtussa», og det tykte eg var for gale. Eg som har vore på Kolbotn ved Savalen for mange år sidan – kunstnarheimen til Arne og Hulda Garborg. (Sjå biletet - teke sumaren 1992)

No har eg i alle fall kome meg gjennom det som vert rekna som Garborgs gjennombrot som forfattar.

Hovudpersonen i «Bondestudentar» – Daniel Sørbraut (seinare kallar han seg Braut) – kjenner tidleg at han ikkje passar til å verta bonde. Han har meir hug til å arbeide med hovudet enn med kroppen, og orkar ikkje tanken på at alt i livet skal dreie seg om slit og strev, berre for å få mat på bordet og klede til kroppen. Det er ikkje det at han vil skuldast for å vera lat, eller at han skjemst over opphavet sitt, men han vil så visst noko meir enn det bondelivet har å by på.
Men etter kvart merkar me at han faktisk skjemst over opphavet, og han skjemst då eit grann over det og. På andre sida: Bygdefolket ser ikkje nett opp til bondesonen som trur han er noko. Det står: «Men ute på bygdi tala dei no med forundring, og helst med fliring, um denne Sørbrautguten, som heldt seg so gjæv at han vilde bli prest.»
Og seinare: «Til hausten skulle han vera bymann, fint klædd og med fint mål; då vilde han vera eit anna menneskje.
Det gjekk gjetord um dette i bygdi. Daniel totte folk såg på han med andre augo enn fyrr. Det gjorde dei au. Men rundt um på gardom gjekk skravlet som vindkvernar. Og Ole Johannes Sørbraut vart so fingerfarin, og framferdi hans so utlagd og uttolka, at hadde han høyrt helvti av det, so hadde han vorti galin

Heldigvis får Daniel hjelp av storfolk, folk med pengar og kontaktar, som tykkjer det er eit godt hovud på guten. Han får undervisning i tysk og latin, og seinare får han koma til Oslo for å verta student. Diverre: I Oslo kjenner han seg og utanfor. Han er ikkje som byfolka (sønene av embetsmenn og frå borgarskapet), jamvel om han prøver å prate, te og kle seg som dei, men han vil helst ikkje bli sett på som ein bondestudent, heller – bondestudentane er nemleg ikkje så fjonge og sjølvsikre som dei ”rettelege studentane”.
Daniel slit rett og slett med å finna seg til rette i livet – han kjenner seg utanfor, anten han er heime i bygda eller i byen.
Det er vondt å vera fattig og avhengig av andre si miskunn for å kunne verta til noko – dei som betalar for han, vil gjerne og ha eit ord med i laget om kva veg han skal velja. Det gjeld å halde seg inne med dei som kan hjelpe, tute med den eine ulven fyrst, så den andre. Om ein vil fram, må ein ikkje vera for stolt eller stri, men bøye og føye seg, og koma innanfor med dei som tel.
Boka fortel oss at det gjekk, den gongen og, å realisere draumar, men det kosta. Korleis kjendest det å vende ryggen til oppkomet, te og kle seg annleis, og ikkje minst: prate annleis? Det nyttar ikkje med bygdemål, når ein skal studere. Bygdemålet strekk ikkje til, når ein skal uttrykkje seg akademisk. Misser ein ikkje noko av seg sjølv, når ein legg vekk morsmålet sitt?
Grundtvigianaren og kapellanen Hirsch skriv til Daniel mot slutten av boka: «Men eg hev meir og meir lært å sjå, at den rette måten å vekkje folket på, det er ikkje å sende bonden til byen, der han ofte vert utskjemd og gløymer både «Moders Maal og Faders Skikk»; nei; bonden må vera bonde, og få daning – sann daning, ånds- og hjartedaning – på heilt upp heimsleg grunn. Difor hev eg ikkje hjelpt andre enn deg til å studere; eg hev heller sendt deim på folkehøgskulen.»

Boka var interessant, tykkjer eg – mangt å tenkje over her.

Romanen er skriven i klangfull, gamalmodig og dialektprega nynorsk. Av dialektprega ord finn eg slike som: studdere (for studere), gamall, greidur, jønnskrap (jernskrap), embættsmennene, yvi, bøkar, skyna, rimelegt, samt uttrykk som: vart inspirera, vart konfirmera. Språket gjer boka tunglesen – det er ikkje vanskeleg å skjøna kva som står, men det tek tid å koma gjennom.








Portrett av Arne Garborg

2 kommentarer:

  1. Kjempefin omtale! Jeg likte "Fred" veldig godt, selv om det tok lang tid å lese den også på grunn av språket. Men Garborg skriver så interessant at jeg syntes det var verdt det.

    SvarSlett
  2. Takk for hyggelig kommentar, linesbibliotek!
    Jeg er enig i at temaene er interessante, og verdt "strevet". Forresten er språket klangfullt og godt, selv om det er tungt. Man må heller lese sakte og nyte det! :-)

    SvarSlett