tirsdag 26. oktober 2010

«Engleslakt» av Ingelin Røssland


Eg er fan av Ingelin Røssland! Eg har lese alt ho har gjeve ut av bøker, unntatt biografien om prinsesse Diana, og likar bøkene hennar veldig godt. Særleg har eg likt ungdomsbøkene om Engel Winge, boka «Monstertante» (som passar for litt yngre lesarar), «Kunsten å inhalera», og eg må ikkje gløyme debutboka hennar: «Viss du vil». (Eg veit eg las denne det året den kom – 1998 – og tenkte at dette var ein forfattar ein må følgje med på i fortsetjinga – noko eg fekk heilt rett i.)

«Engleslakt» er bok nummer tre om journalisten Engel Winge, som – ikkje ulikt Frøken Detektiv – dumpar opp i ulovlegheiter og gjer sitt for å løyse sakene – ja, for politiet er ikkje til å stole på støtt. I alle fall er dei trege i oppfattinga, der Engel er snar til å snu seg rundt og agere. Elles er ikkje Engel korkje frøkenaktig eller fisefin, her spyttast det snus, og finn ho ut at det er på tide at møydommen får fyken, så ordnar ho det fort og greit.
I dei to fyrste bøkene har Engel sverma for lensmannsbetjent Ole, men i denne boka er han oppteken med Karen, ny redaktør for lokalavisa der Engel jobbar, dessutan gravid med Oles barn. Engel mistar ikkje berre draumen om ein gong å bli kjærast med Ole, ho mistar og bestevenninna si, Irene.
Irene og Engel kranglar, går frå kvarandre utan å ordne opp i usemja, og i løpet av kvelden og natta ringer Irene til Engel utallige gonger. Engel er sur – dessutan oppteken med å kvitte seg med møydommen – og svarar ikkje. Dagen etter blir Irene funnen død. Det ser ut som sjølvmord, men Engel nektar å tru det. Ho kjenner Irene, og ser klart at det her er fleire ting som ikkje stemmer…

Eg tykkjer «Engleslakt» er ei fin bok – ho var regelrett til å sluke, men tema er for vanskeleg og tungt til å bli handsama over såpass få sider (156 s.). Eg tykkjer sjølve plotet blir for hastig løyst og einskilde vendingar kjem for brått til å vera truverdige. Humoren og den lette kjensla av ”hu og hei” frå dei to fyrste bøkene, må i «Engleslakt» vike plassen for dunkelt alvor, tunge kjensler, tankar og hendingar. Er det no Engel blir vaksen? Er det slutt på fart og moro no?

Engel kjenner seg nok sviken av Ole som har vald ei anna jente, og det er eg og. Det var noko særs med spaninga mellom desse to – Ole og Engel – noko av moroa vart borte då han vart oppteken på anna hald.
Då eg var ferdig med «Engleslakt» var eg litt uroa for Engel, slik boka slutta. Eg tenkte at futten byrja å gå ut av henne, og lurte på om dette kanskje var den siste boka om henne. Så las eg bakpå omslaget på boka at jau visst – dette er tredje og siste boka i ein trilogi.
Det må eg få seie var trist. Eg hadde håpa det skulle koma fleire, men då ville eg jo helst fått meir av uskulda og humoren frå dei to fyrste bøkene. («Englefjes» og «Englejakt»)

Språket i boka er godt – som vanleg er det saftig og rett på, men kanskje litt mindre rått enn i dei to fyrste bøkene. Uansett: Bøkene om Engel Winge er vel verdt å lese – anten du er ungdom eller vaksen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar