fredag 28. mai 2010

"Venneringen" av Magnhild Bruheim



Denne ungdomsboka kom i 2007, og handlar om Bente og tre venninner av henne som dreg på hyttetur. Tidleg får me forstå at ikkje alt er fryd og gaman mellom desse venninnene – det er noko kiving om kven som skal vera sjef, samt kven som skal vera bestevenninne med kven; ofte er det jo slik med jenter at dei likar å henge i lag to og to. Fleire gutar dukkar opp, noko som óg vert ei kilde til konflikt.

Boka byrjar bra – me går rett inn blant desse fire jentene på hytta, og kjenner kor ampert det er mellom dei. Sidan slit Bruheim noko med å halde drivet og spaninga oppe. Kan hende blandar ho for mange gutar og andre personar inn – og får dei ikkje til å bli anna enn typer, samstundes som heller ikkje jentene (hovudpersonane) får nok karakter kvar for seg, til at eg ser dei heilt for meg.

Forfattaren verkar óg oppteken av at handlinga skal gå opp i temaet ”vennering.” Me får oppleva korleis venneringen Bente opprinneleg har gjeve Kami, med liten, raud stein, vandrar frå den eine til den andre – i ring, nærast – ettersom personen som til ei kvar tid har ringen, sender ringen vidare til han eller ho som nett då er bestevenen. I nokre scener blir det gjort greie for at dei sit liksom i ein ring, pratar ope med kvarandre og held saman.
Ringen er eit fint symbol, men eg tykkjer det blir noko skjematisk og tvangsmessig at alt i boka skal passe inn i metaforen.

Eg trur dagens unge ikkje heilt vil kjenne seg att i boka, delar vil dei nikke attkjennande til, medan andre delar vil verka fjernt og gamalmodig for dei. I den grad eg kan seie noko om dette, eg er jo ikkje ung i dag, eg heller.
Det er noko med opplegget rundt hytteturen – desse jentene skal snart byrje i 10. klasse – som verkar urealistisk og barnsleg. Det hjelp ikkje at to av jentene stikk ut om natta og møter gutar/menn som har kome på motorsyklar, eller at det kjem fram at ei av jentene neppe er jomfru. Dei mest utagerande tinga heng ikkje truverdig saman med det andre.
Når det kjem til attgjevinga av tekstmeldingar som Bente og Marius sender seg imellom, så vil eg tru at dette er særs fjernt frå kva ungdomar av i dag kunne finne på å formulera. Eit døme frå s. 110, der Bente skriv til Marius: ”Det vart litt mystikk rundt hytteveggene her i kveld. Skal fortelja meir i morgon. Nokon idé om kva vi skal finne på?
Denne gongen kom svaret raskt: Mystikk? Innbrotstjuvar, valdtekstmenn eller barnelik? I morgon får vi sjå vêret an. Gler meg. Men nå må du få skjønnheitssøvnen din, så du held deg like søt.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar