onsdag 5. mai 2010

"Tonje Glimmerdal" av Maria Parr



Av og til går ein i gang med ei bok, proppfull av forventningar til at leseopplevinga skal bli noko heilt utanom det vanlege. Etter å ha lese ”Vaffelhjarte” – og sidan eg dessutan veit at Maria Parr har vunne Brageprisen 2009 for ”Tonje Glimmerdal” – var forventningane på topp då eg kasta meg over denne barneboka.
Forventningane mine var kan hende for høge – dei vart i alle fall ikkje fullstendig innfridd.

Samanlikna med ”Vaffelhjarte” er denne boka tjukkare, meir ordrik (ho kjennest ikkje like velforma og kompakt som Vaffelhjarte – som om det er meir fyllord her) og ho er meir kompleks i oppbygginga.
Denne boka er på eit vis to historier i eitt. Fyrste del handlar om Tonje – einaste barn i Glimmerdalen, men ikkje venelaus – som i vinterferien opplever å få møte tre andre born og bli ven med dei. Me får møte Klaus Hagen, ein utoleleg campingplasseigar som ikkje utstår ungar – og i dette ligg det mykje artig konfliktstoff.
Andre del av boka handlar om den gamle mannen Gunnvald – venen til Tonje – som råkar ut for eit uhell og viser seg å ha opplevd tunge ting i fortida, som no dukkar opp att og byr på nye utfordringar.

Tonje Glimmerdal har sans for fart og fysiske aktivitetar. Dette gnir forfattaren inn ved å vise til ein heil del øvingar denne galne jentungen har føre seg. Sjølv tykkjer eg kjelkereisene og mykje av det andre som hender, er artig, men det er ikkje viktig at dei blir teikna slik i detalj; det trong rett og slett ikkje vera så mykje av dette i bokas gang.
Tonje vert kalla ”Glimmerdalens vesle dunder”, eit tilnavn eg ikkje fann heilt originalt, sidan eg er gamal nok til å hugse frå barndommen å ha lese bøker om radarparet Päivi og Mats, som vart kalla for ”Dunder og brak.” (Bøkene er om dette paret er skrivne av Hans-Eric Hellberg).

Slutten på fyrste delen av boka er ikkje heilt heldig komponert etter mitt syn. I innleiinga til siste passasje står det: «Resten av ferien vert så fantastisk som berre ein vinterferie i Glimmerdalen kan vere. Ein treng ikkje fortelje om det.» Sidan går forfattaren over til å rette merksemda mot Gunnvald, som ikkje er like lystig heile tida, og kvifor det, tru? Dette tener som ein overgang til neste soge og andre halvdel av boka.
Eg tykkjer forfattaren godt kunne fortald om den fantastiske vinterferien ho har spelt opp til i mange sider – faktisk kjende eg meg snytt då denne vendinga brått kom opp. Eg hadde gleda meg til å vera med på kosen og moroa, men den fekk me ikkje ta del i, altså.

Konklusjonen eg vil kome med er at forfattaren kunne vald å lage to bøker i staden for ei, og laga større heilskap og homogenitet, om eg kan seie det, i dei einskilde forteljingane sine. Alternativet kunne vere å kutte heile fyrste del, sidan den kan verke som ei lang innleiing til del to, som tematisk og – målt i omfang – har størst tyngdepunkt i boka.
Ho kunne elles vald å late Tonje fortelje historia, med si stemme – for slik forfattaren fortel om Gunnvald gjennom Tonje i tredjeperson – blir det større avstand til han, og ein heil del refererande passasjer. (I ”Vaffelhjarte” har forfattaren brukt eg-forteljar med stort hell.) Refererande blir det og når handlinga i ”Heidi” av Johanna Spyri vert attfortald i boka.

Boka er som sagt tjukk og persongalleriet er stort. Eg synes Parr kunne ha kutta ut fleire av personane – alle desse er ikkje viktige for samanhangen – om ho hadde gjort om noko her og der. Eit døme er tantene Eir og Idun – dei får me høyre om i små dryp utover i heile boka, men ikkje treffe før heilt i slutten av boka. Ofte er det slik at det midt i ei scene blir referert kva ei av tantene brukar å seie om eitt eller anna (Døme s. 222: Her kjem Tonje si mor (overraskande?) heim. Det står: ”Der stoppar både pappa og Tonje med eit rykk og stirer framfor seg. Tante Eir sa ein gong at ingen i verda kan rope ”mamma” slik som Tonje. – Du ropar så trestammane brotnar nedgjennom heile dalen, sa ho.” Desse tantedigresjonane er artige og fargerike, men bremsar gjerne noko på framdrifta.

”Tonje Glimmerdal” er ikkje noko dårleg bok – langt ifrå. Men eg må innrømme at eg vart litt skuffa, etter den fantastiske debuten Parr knalla til med, gjennom ”Vaffelhjarte.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar