onsdag 26. mai 2010

"Full pott i hjerter" av Svein Børge Hoftun


Denne ungdomsromanen handlar om brørne Jon og Steinar som stikk av frå mora og heimen i Oslo, for ikkje å bli tekne av barnevernet. Jon er eldst og kjenner ansvar for den yngre broren, som har ADHD og tek ritalin jamnleg. Dei dreg til vestlandet, der Steinar vil leite opp faren sin.
Medan Steinar er på leit etter faren kjem han til å stikke nasen i ting einskilde meiner han ikkje har noko med.
Ferda endar til slutt i København, der dei får bu hjå ein ung gut som heiter Erik. Jon blir særs oppteken av Erik, på eit vis han ikkje skjøner fullt ut sjølv med det same.

Boka er spanande skrive, her er godt driv mest heile vegen. Kan hende er ikkje alt like realistisk, og kan hende bit forfattaren over litt for mange problem på ein gong, men dette er likevel ei ungdomsbok eg trygt kan anbefale!

2 kommentarer:

  1. eg likte denne boka skikkelig godt.
    ho va spennende ( mest på grunn av Erik)
    men denne boka er ei bok som alle i min klasse likte godt, den er ikke akkurat for ungar under 10 for sjøl eg blei flau.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anonym!
      Takk for at du la att ein kommentar!
      Det er ei stund sidan eg las denne boka, men eg er samd med deg i at dette heilt klart er ei ungdomsbok. Eg trur ikkje ungar vil interessere seg for alt ungdomar held på med, og difor ikkje tykkje ho er så spanande, heller.
      Mange gonger kan ein verta flau når ein les bøker - når forfattaren er vågal og legg ope ut om ting. Men det er fint å få ta del i andre sine erfaringar, tykkjer eg, jamvel om vanskelege kjensler kan verta utfordra.

      Slett