onsdag 3. februar 2010

"Vaffelhjarte : Lena og eg i Knert-Mathilde" av Maria Parr



Boka er frå 2005 og mange har prata varmt om ho. No har eg endeleg take ho for meg, eg og!

Dette er ei herleg bok for born i alle aldrar! Ho har alt: humor, dramatikk, spaning og sterke kjensler. Det er lenge sidan eg har skrata og grine så godt som eg gjorde då eg las denne boka.

Hovudpersonen, som sjølv fortel, heiter Trille – det vil seie: egentleg heiter han Theobald Rodrik, men det er sjølvsagt altfor tungt til kvardags – difor Trille. Trille har ein nabo og besteven som heiter Lena. Trille reknar i alle fall Lena som bestevenen sin, men er noko usikker på om ho tenkjer om han på same måte. Noko av spaninga i boka ligg i nett dette – om ho er like glad i han som han er i henne, og om ho kjem til å seie det nokon gong.

Persongalleriet elles i boka er og spenstig og mangslunge. Dei er stutt og poengtert presentert, på ein effektiv, artig og observant måte.
Språket i boka er variert og godt. Det er nesten ikkje tomme passasjer her i det heile – alt som står er meiningsberande og tettpakka, på eit vis.

Eg finn veldig lite å pirke på her – det einaste er eit og anna småord som kunne vore stroke ut, for å gjere framstillinga endå reinare. Eg skal gje eitt døme:
S 158: ”… og mista det eine auget sitt i ei ulukke.
”Sitt” er ikkje strengt nødvendig å ta med – kva auge skulle han elles miste? Det kunne fint stått ”… og mista det eine auget i ei ulukke,” og me ville likevel fått meininga. Men dette er verkeleg småpirk, altså!
På side 8 står det ”…kome deisande frå himmelen som eit overmode eple.” Det rette ville vel vore å skrive ”overmoge” eller ”overmodent”, men eg veit ikkje om dette kan vere eit dialektord.
Ein del andre ord verkar og framande for meg – som ordet ”klivre” (tyder: klatre, klive). Men eg får treff på det i nynorskordboka, så det er nok berre eg som ikkje har høyrt det tidlegare.
Alt i alt er språket i boka variert og godt, nett av di forfattaren har brukt gode og spenstige uttrykk frå det rikhaldige lageret nynorsken faktisk har.

Dette er ei skikkeleg godbok! Så puss rusket av nynorskkunna di, og les stilt for deg sjølv eller høgt for ein eller fleire som står deg nær!
(Sjølv gler eg meg til å lese ”Tonje Glimmerdal”, som forfattaren ga ut i 2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar