søndag 28. februar 2010

”Stillstand : sivilisasjonskritikk på lågt nivå” av Agnes Ravatn


Ravatn debuterte i 2007 med romanen ”Veke 53” – ei bok eg las den gongen og for så vidt tykte godt om. Eg tenkte då at Ravatn er ein forfattar eg bør halde eit auge med i tida framover. Ho skriv godt og har ein underfundig, lett stil, sjølv om eg kanskje tykte at handlinga i romanen var LITT tynn.
I 2009 kom ho med denne essaysamlinga, der ho oppsøker stader der det skjer lite, observerer og formidlar til oss – smått ironisk – kva slag inntrykk ho tek med seg frå desse stille stadene.

Eg las ikkje meir enn halve boka; kan hende av di det vart litt for mykje stillstand for meg. Forfattaren demonstrerer korleis ho kan skrive lett og greit om lite, ja: ingenting i grunnen. Småartig, så absolutt, men eg kunne nok tenkt meg at ho hadde meir innhald og handling å by på, når ho fyrst skulle gje ut bok. Essayene har stått på trykk i Dag og tid, og som avisstoff vil eg sjå på dette som skikkeleg snaskens – men som bok? Eg trur ikkje dette var ei nødvendig bok, og eg er redd boka fort blir gløymd.

Neste bok Ravatn kjem med, vonar eg byggjer på meir innhald, handling, eit skikkeleg tema. Ho har vist at ho kan skrive godt, kan ho vise at ho har noko større å si eller fortelje oss?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar